NORSK FOREDRAGSFORMIDLING
HELE LANDETS KOMPETANSEHUS

GEIR STYVE

PARAGRAFFRI HMS,
OPPMUNTRING OG MOBILISERING
– MED HUMOR TIL ETTERTANKE

 
Geir Styve er kjent som "Humørbonden". Med bakgrunn fra Forsvaret, som ingeniør i byggebransjen og konsulent innen HMS, tilbyr han inspirerende foredrag innen et bredt spekter av temaer, alle krydret med det han selv kaller humor til ettertanke. Å komme i gang, oppmuntring, mobilisering og paragraffri HMS er noe av det han snakker om.

Tusen, tusen takk for kjempebra og veldig inspirerande foredrag! Det var så bra å ha deg her, og eg skulle verkeleg ønske at vi kunne fått deg hit sånn omlag ein gong i veka! Fantastisk bra formidlingsevne, innhaldet trefte midt i blinken, og alt var heilt supert! Torunn Charlotte Lund, rådgiver, Valle kommune

Det er lov å være glad, og stolt, og optimistisk og entusiastisk. Det skjønner du om du får anledning til å møte Humørbonden. Chris Stiksrud, journalist

Geir Styve har ved flere anledninger hatt foredrag for Haugesund kommune. Tilbakemeldingene til meg er i tråd med mine inntrykk: Du snakker til oss om aktuelle emner på humørfylt og naturlig  vis. Innleggene er preget av varme og menneskelighet, og de får oss til å reflektere. Takk skal du ha. Vi kommer tilbake igjen.
Odd Henry Dahle, rådmann, Haugesund kommune
 
FOREDRAG

Paragraffritt HMS-kurs
Vi gjer det ofte for vanskeleg, trur eg.  Hyllemeter med prosedyrar for "du skal" og "du skal ikkje" er produsert.
Likevel går det til sine tider så gale at folk vert skada. I paragraffrie HMS-kurs omtalar eg både fysisk og psykososialt arbeidsmiljø, men eg brukar ikkje dei orda. Eg snakkar heller om sikkerhet og trivsel … og er det sett av tid til det, så involverer eg dei tilsette i diskusjonen. MEN – eg veit godt at vi ikkje er i lovlaus sone, sjølv om det er paragraffritt!
Kursa er "skreddarsaum" tilpassa bransje og aktuelle problemstillingar.

HMS: "Vi skal ikkje hive sjit i sjødn"
Eg har etter kvart halde ei rekkje bedriftsinterne HMS-foredrag for oljeretta industriverksemder, men også offentlege foredrag  for medlemmer i bedriftshelsetenester osv.
Foredraga er tilpassa til bedrifta sin storleik og situasjon. Ting treng ikkje vere så vanskeleg. Det handlar om å ta vare på kvarandre og den kloden vi bur på. Innhaldet i HMS er kort og konsist oppsummert av ein lokal bedriftsleiar i min region Nordhordland, på vårt eige målføre:
“Injen ska’ gjera ska’ på seg, og me ska ikkje hiva sjit på sjødn”!
At eg har vore utsett for ein ryggskade som gjorde meg sengjeliggjande, og at eg har et fire månaders praksiskurs i å vere utbrent, er ein naturleg del av historia.  Det same gjeld vanskelege ting som nedbemanning, konflikter og endåtil sjølvmord, som eg har måtte forholde meg til i leiarrollen.
På den formelle sida har eg gjennom erfaring lært å forholde meg til Arbeidstilsynet og politi i HMS-saker. Eit hakk strengare enn desse er faktisk kundekrav frå oljeselskapa.  Eg har også utarbeidd og implementert kvalitets- og HMS-handbøker for Radøygruppen, som er godkjent av Veritas etter ISO 9001, ISO 14001 og OHSAS 18001.
Sæleg tar eg opp spørsmålet om kva vi sjølv kan gjere med vårt eige psykososiale miljø, jantelov og samarbeidsproblem internt.
Foredraga har ulik form – alt frå korte innlegg, og opp til dagskurs med eigenaktivitet og intern drøfting av kanskje det vanskelegaste tema av alle:
Korleis få HMS-arbeid til å fungere i praksis hjå oss?

Kom i gang: Start med det du har, der du er
Eit generelt foredrag for dei som synest at mykje skulle vore gjort, men at det er vanskeleg å kome i gang. Det kan også opplevast som eit behov å få til endring av den situasjonen du står i, anten du er arbeidslaus eller vil starte for deg sjølv.
Det handlar etter mi meining om bevisstgjering i forhold til:
- Kva du har (ressursar, kontaktnett, kompetanse …)
- Kvar du er (geografisk, livssituasjon, marknad …)
… men mest av alt om det å starte. Utan initiativ skjer ingen ting. Vi har så lett for å finne forklaring i ytre faktorar og rammevilkår på kvifor vi ikkje får til noko sjølv, og slike tankar fører ingen stad hen. Eg har laga eit kåseri om dette – "Norsk Rævsparkservice as".
Det hjelper lite å vere verdsmeister i tilløp utan hopp!

Mobilisering: Å blåse vind i eigne seil
Foredraget byggjer på lokalsamfunn som metafor, men det er tydelege parallellar til både bedriftsutvikling og gründerskap.
Skulen skal leggjast ned, lokalbutikken går dårleg, folketalet er synkande og forgubbing er eit tydeleg trekk i bygda:
Korleis skal ein ta fatt i en vanskeleg situasjon?
Korleis kan ein mobilisere til varig innsats?
Humørbonden lanserer ingen “quick fix” – men peikar likevel på ein del viktige faktorar  og fortel historier frå kva andre har gjort i liknande situasjonar.

Gå i gang: Båten blir til mens du ror

Basert på Humørbonden si eiga gründerhistorie får lyttarane ta del i tankar, tru og tvil omkring bedriftsetablering. Her er mykje å hente for den som har “ei bedrift i magen” og som gjerne vil ha eit lite puff i ryggen for å kaste seg ut i det.
Foredraget eignar seg også som innspel i samband med omstillingsprosessar, prosjektstart osv. Kort sagt… i alle situasjonar der vi skal gå i gang med noko som har "open ende".

Bygdedyrkverking

”Eg ser for meg at bygdedyret er eit ufyseleg, pelskledd vesen som snik seg rundt mellom husa for å spreie si gift. Brått kløyver det seg i to delar som raskt veks til full storleik og kjapt kan dele seg på ny. Snikande fer dei rundt og markerer sitt revir, og kvar einaste ein stinkar verre enn eit dusin hannkattar. Kvesande slengjer det av seg Jantelova sine paragrafar: «Du skal ikkje tru at idèen din er noko god, og du er ikkje betre enn oss fordi om du har ein idé, og vi skal no vente og sjå, dette går heilt sikkert ikkje bra likevel.» (Utdrag frå Humørbonden si bok: ”Båten blir til mens du ror”)
Verda er full av bygdedyr som kan spreie angst og stele motet frå nokon og ein kvar, anten ein er etablerar eller arbeider i ein stor organisasjon.
Tilhøyrarane får gjennom foredraget kjennskap til dei ulike artar av bygdedyr, deira geriljateknikkar og aktuelle mottiltak.
Forteljinga byggjer på Humørbonden sine eigne erfaringar frå bedriftsetablering i typisk vestnorsk bygdedyrterreng, og observasjonar frå reiser i inn- og utland.
Gjennom lokalt oppmuntringsarbeid og mobilisering har no heimbygda hans, Hjelmås, teke merkevara Humørbygda, og er nærast å rekne for bygdedyrfri sone. Etter eit grundig planarbeid har Lindås kommune godkjent eit bygdedyrreservat. Dette vart klargjort til bruk gjennom at ordføraren stengte det av, i ein gripande seremoni. Nye idèar, humør og trivsel kan dermed blomstre uhindra fram.
Humørbonden har også gitt ut bok om generell bygdedyrlære.

Det gode liv – kvar finst det?
”Vi har alt – men det er også alt vi har.”
Humørbonden fortel om kva som fører oss inn i tidsklemma, og kva som skal til for å kome ut att derifrå.
Sjølv om han verken er prest eller psykolog, så har han interessante erfaringar og observasjonar frå vår eigen kvardag til å dele med forsamlinga.

Oppmuntring som fenomen, metode og livsstil
Sidan 2004 har Humørbonden arbeidd aktivt med oppmuntringssaka i Noreg. I dette foredraget delar han frå si erfaring og sine synspunkt ut frå dette arbeidet, og peikar på utfordringar og muligheter som finst.
Dette er eit blikk inn i ei annleis og spanande verd… eller er det kanskje heller ei bevisstgjering av gamal kunnskap som vi praktiserer alt for lite i kvardagen?

Omstilling i organisasjonar: Men kva følte hesten?
Dette foredraget er berekna på omstilling i større organisasjonar. I slike prosessar oppstår mange kjensler. Alt frå sinne og vonbrot hjå dei som vert råka av endringar og bemanningsreduksjon – og til dårleg samvit og skuldkjensle for dei som ikkje vart berørt.
Målet med innslaget er å skape aksept for dei reaksjonar og kjensler som har oppstått, og påvise at det trass alt går ein veg framover.
I dette foredraget trekkjer Humørbonden metaforar og parallellar til den gong effektiviseringa ramma gardsbruket hans. Tida då traktoren kom og hesten måtte reise. Alle jubla for framsteget og effektiviseringa, men ingen spurte hesten kva den følte då det skjedde …

Oppmuntringsagentkurs
Dette dagskurset set fokus på oppmuntring som fenomen, verktøy og metode. Gjennom inspirasjonsforedrag og utvikling av dine eigne planar vert du i løpet av kursdagen sett i stand til å gjere små, systematiske oppmuntringstiltak over tid. På denne måten kan du med enkle midlar vere med på å endre ein heil bedriftskultur, starte bygdedyrkverking, eller kanskje også medverke til betra økonomisk resultat i di eiga bedrift.
Kurset krev ingen førkunnskapar, det teoretiske pensumet er redusert ned til 4 – fire – ord. OG ikkje minst: Vi skal ha det artig undervegs.
Gjennomført kurs kvalifiserer for tittelen Oppmuntringsagent®, og eit korps av desse er den første byggesteinen til at ei verksemd, eit lag eller eit lokalsamfunn blir oppmuntringssertifisert. Det vil imidlertid kreve jevnt arbeid over tid for å nå slik ISO-sertifisiering (Internasjonal Standard for Oppmuntring), de fleste brukar 6-12 månader på prosessen.


Mobilisering: Bygdelivsverkstad
Verkstadskonseptet kan ha ulikt fokus og målgruppe.  Det eignar seg like godt bedriftsinternt som i lag og organisasjonar, eller også rett og slett som bygdemobiliseringstiltak. Namn og tema for verkstaden vert tilpassa til formålet.
Dette er eit dagskurs, der første bolk er eit inspirasjonsforedrag, deretter kjem eigenaktivitet hjå dei deltakande.
Utkomet av verkstaden skal vere:
a) "nytente" eldsjeler med eigarskap til overkommelege prosjekt, som dei har lyst til å gjennomføre
b) "legitimitet" i bygda/organisasjonen for at vi samlar kreftene og vil forsterke positiv utvikling – kanskje med litt nye grep
Variant for frivilliglivet i bygda:
Mange stader er det behov for ein slik verkstad, men det er ikkje mulig å ha det innan arbeidstid. Det er god erfaring for at fylgjande oppsett fungerer bra:
Fredag kl 19-22: Inspirasjonsforedrag, evt. med tillegg av lokal underhaldning, aktuell informasjon, servering, etc.
Laurdag kl 10-15: Verkstad for dei som vil
Deltakarane har då fått sove litt på innspela frå kelden før, og kan omforme desse til lokale forhold.  Med Humørbonden som pådrivar arbeider vi ut planar av eit omfang som det er dekning for i frivilligressrursane i bygda, når det gjeld tid og pengar.  Alle prosjekt må til slutt ha ein eigar som synest at dette er kjekt å drive med, og neste steg må vere avtalt før vi går frå kvarandre.
Utfordringa ligg alltid i å "halde trykke" oppe over tid. Kanskje oppmuntringssertifisering kan vere eit bra tiltak i så måte?


Open Space Technology som kraftfull møteform
Dette er eit dagskurs der ein får innføring i tankegang og konsept bak møteforma Open Space Technology (OST).
Mange har vel opplevd at høgdepunktet i møter og konferansar var pausane. Der fekk ein møte dei folka ein sjølv ville, og snakke om det som ein i fellesskap fann å vere viktige ting.
Den geniale tanken i OST er difor: "Kva skal vi vel med møte, når kaffipausen fungerer så bra?"
Kurset krev ingen forkunnskapar, berre ei ekte interesse i å få folk til å kommunisere godt i lag.
Open Space Technology: People really listening to people really talking. Fasilitatoren si viktigaste rolle er å halde "rommet" ope, slik at ingen tar kontroll og dominerer over andre.
 
Mennesketypar: Teamkompasset og jungiansk typeindex
Kven er eg, kven er du – kva vert vi i lag ?
Ei innføring i jungiansk typologi, der vi ser på generelle ulikskapar mellom mennesketypar, og korleis desse fungerer i jobb og samarbeid.
Humørbonden er sertifisert til å kjøre opplæring i JTI-konseptet, og kan også levere personlighetstestar for individuell gjennomføring og coaching.
Gjennom ulike pedagogiske – og Humørbondologiske – grep, får vi belyst verdien av ulikskap.
"Ulikskap er ikkje feil, berre forskjellig", vert det sagt.
Samstundes vert det sett søkjelys på å vise at det er ulike ting som motiverer ulike personar, og at det er viktig å forstå desse mekanismane for å utnytte dei samla ressursane i ei gruppe best mulig.
Kurset vert tilpassa"i lengde, bredde og djupne" etter forsamlinga og tid til disposisjon.
 
Prosess: Oppmuntringssertifisering
Her snakkar vi om eit konsept for endring av bedriftskultur over tid, basert på oppmuntring som fenomen, metode og livsstil.
Tanken er at det er meir effektfullt å oppmuntre folk til å gjere noko, enn å krevje handling og endring.  Særleg gjeld dette i frivillige samanhengar, der ingen har (sterk) formell makt.
I bedriftslivet er oppmutringssertifisering ein annan måte å omtale og arbeide med psykososialt arbeidsmiljø internt, og kanskje etter kvart også med kundehandsaming!
Konseptet har ein del logiske element som må til for å endre bedriftskultur:
1 Inspirasjonsforedrag (kick-off)
2 Utnevne / kurse / sertifisere interne aktivistar – oppmuntringsagentar
3 Utnevne eit oppmuntringstilsyn som har til oppgave å sørge for at aktivistane ikkje går trøytte, eller stoppar opp
4 Lage oppmuntringsplanar for konkrete handlingar
5 Kontroll av gjennomførte tiltak, nye planar for neste år, sertifisering, v/ Det Nasjonale Oppmuntringstilsyn
Det er viktig å forstå at dette ikkje er eit prosjekt, men starten på ei permanent endring av bedriftskulturen, der summen av dei små ting over tid etter kvart vert betydeleg. Det er difor viktig med forankring i organisasjonen før ein vedtek å gå i gang.
Det fins oppmuntringssertifiserte verksemder og lokalsamfunn som ein kan kople seg opp mot for erfaringsutveksling, gjensidige besøk, etc.

FORESPØRSEL

Sender skjema ...

Det oppstod en feil i serveren.

Skjema mottatt.

BAKGRUNN

Geir Styve er utdannet ingeniør og har en Master of Management fra BI.

Han har bakgrunn som bonde, har jobbet i Forsvaret, byggebransjen og som konsulent innen HMS.

 

I en årrekke har han reist landet rundt som foredragsholder, og har også gitt ut flere bøker.